Seniornett Valldal er ei lokal avdeling av Seniornett Norge. Vi held fram med samlingar også våren 2026, på måndagar kvar 14. dag. Nedanfor finn du datoar for samlingane. Alle er velkomne. Du kan komme innom for å finne ut om dette er noko for deg. Om du vil, kan du bli medlem og få del i det Seniornett kan yte av tips, rettleiing og assistanse. Velkommen til neste samling.
Møteplass er Biblioteket i Valldal som er ei avdeling av biblioteket i Fjord kommune. Våren 2026 har vi samlingar måndagar kvar 14. dag mellom klokka 1030 og 1230:
Aktuelle datoar for samlingane:
Januar: 12. og 26.
Februar: 9. og 23.
Mars: 9. og 23.
April: 20.
Mai: 4. og 18.
Juni: 1.
VELKOMMEN TIL SAMLING MÅNDAG 23. MARS
mellom kl. 1030 0g 1230.
TEMA:
• Litt nytt frå Seniornett.
• Repetisjon: Aktuelle parkeringsappar.
• Korleis laste ned parkerings-appar (program) på telefon og nettbrett. Eksempel på bruk.
• Korleis betale på ei datamaskin etter at du er komen heim. Du treng ikkje bruke mobiltelefon.
• Korleis dele bilde du har på telefonen.
• Tema det blir spørsmål om.
Dette er plassen for deg om du trenger hjelp knytt til bruk av mobil, nettbrett eller datamaskin.
NB! TA OGSÅ MED BERBAR DATAMASKIN om du har dette..
Vis omsyn. Vi er vel ikkje ferdig med influensaen enno. Følg rådet om å halde seg heime om ein ikkje er frisk.
Vel møtt.
Mvh Kjell og Magne
